Me inviterar til
SLEKTSTREFF FOR ETTERKOMMARANE ETTER TOLLEIV ATLESEN GJERLØW OG INGEBORG SJURSDOTTER LOVEN
den 14. Juni 2008 på Furukroa i Flåm
Etter mange år på fjellet prøver me denne gongen å halda slektsstemna nede i bygda på
Furukroa i Flåm, der me møtest til festmiddag og sosialt samvær. Furukroa vert driven
av Aud Melås og Evan Lewis, Aud er etterkommar av Marta og Nils Melås. Marta er søster til
bestemor Brita Gjerløw (f. Gjerde)
Denne gongen vert det ikkje lagt opp til noko program før me møtest på Furukroa. Sidan Flåm har
fått sitt eige mikrobryggeri
Ægir, vil det verta høve til omvisning og ølsmaking med
bryggerimeistaren Evan Lewis før middagen. For meir informasjon sjå vedlagte program.
Dansemusikk er bestilt av dei lokale musikarane Svein Skjerdal og Thor Andresen.
For oppdatering av slektsheftet ynskjer vi tilbakemelding på vedlagte skjema så raskt som mogeleg
og seinast innan 1. april 2008
Me ynskjer også at de fyller ut adresser og e-post,
slik at me seinare kan senda ut informasjon til flest moglege.
Informasjon om slektstreffet vil og bli lagt ut på nettsida www.gjerløw-slekt.com
Er det nokon som har lyst til å væra med oss og arrangere denne stemna, har gode idear/tips til
kva som kan gjerast og korleis? Er det nokon som kan bidra med underholdning, spelar
instrument, dansar, o.l., så ikkje nøl med å ta kontakt.
Me har samla inn nokre gamle bilde som me kanskje kan vise på treffet og ynskjer i dette høve
fleire bilde. Sjå igjennom gamle album, alt av interesse.
Sidan me ikkje har oversikt over adresser til alle i slekta, ber me om at de som får brev tar
kontakt med barn, barnebarn og elles andre, som me ikkje har nådd fram til.
Furukroa har rom til utleige og kan kontaktes på tlf. 57632050. Eller www.furukroa.no
Me har reservert eit rom på Furukroa som kan nyttast til omkledning eller oppbevaring av ting
under stemna.
Vedlagt følgjer program og påmelding for slektstreffet
Påmelding og oppdateringar til slektshefte må være oss i hende innan 1. april 2008
(Bruk gjerne nettsida vår for tilbakemelding eller send det i posten).
Ein skikkeleg ros til alle som har delteke på tidlegare treff, utan dykk hadde det ikkje vore så moro å holde på med dette. Håpar at så mange som mogeleg har
høve til å være med denne gongen og.
Gler oss til å møta dykk alle den 14. Juni!
Helsing
Brita og Margrete
Brita Gjerløw Furuknap, Filerveien 16, 0684 Oslo,
tlf 22271509/97600273
e post:
Brita.gjerlow_furuknap@getmail.no
Margrete Gjerløw, Helgesensgt. 42b, 0553 Oslo,
tlf 22384548 /95836009
e post:
ma-gjerl@hotmail.com