Berekvam
Frå Terum til Gjerlao


HISTORIEN OM BEREKVAM I AURLANDSDALEN



Berekvam 2006 Berekvam ca 1950

Berekvam Grd. Nr 25 Vetla Berekvam 728 m.o.h.


Kilde: Gardssoga – Vassbygdi og fjellgardane, side 30, 51 – 54

Det har vore busetnad på Berekvam fra 1780 åra. Plassen vart ikkje skattlagd eller matrikulert som gard. I 1790 åri
vart det fleire gonger drøfta på tinget om denne plassen burde matrikulerast og skattleggjast.
På tinget vart det dei som hevda at ein burde vera glad til at folk ville slå seg ned og livberga seg på slike plassar
med ulendt mark og med fåre for steinsprang og skred, dei burde heller ha betaling for å bu der.
Andre meinte at det ikkje var urimeleg at dei måtte ut med ei mindre avgift. Men medlemmane i
matrikuleringskommisjonen var i tvil om ”en saadan rydningsplass i det høyeste fjeld” burde skattlejast.

I 1794 skøyter Anders Pedersen denne leiglendingsplassen til Iver Lassesen, og i år 1800 gjev futen
grunnsetel til Iver som no lyt betala 64 skilling i årleg avgift til kongens kasse.
I 1814 skøyter Iver Lassesen denn plassen til sonen Knut Iversen. Men Knut sleit hardt. I 1828 hadde han
lånt 150 spdl. av Ole Olsen Ås, og i 1830 lånte han 100 spdl av landhandlar John Larsen. I 1838 skøyte Knut
til sonen Iver Knudsen for 300 spdl. og kår til kona Anna Larsdtr.
I 1842 fekk John Larsen auksjonsskøyte på dette bruket for 300 spdl., men to år seinare selde han til Knut Iversen
for 400 spdl.
I 1853 skreiv futen at Berkvam skal no som før betala 64 skilling til kongens kasse.

Det måtte vera tungt å livberga seg på denne garden. Berre det å få ei brukande bru over gjelet var eit storarbeid
då tømmeret laut køyrast over alle fjell og dertil løypast gjennom gjel og juv for å få det fram til garden.
Når det var so tungt å få tømmer til gards var det ikkje anna å venta enn at husi var skrale. Det er fortalt at ein
vinter viste dei ikkje å halda varmen i stova. Dei laut då flytta ned i fjøsen eller kjellaren under stova der husdyri
låg for å halda varmen. Det skulle vera i sjølvaste julehelgi. Det var betre der enn det som stova skulle vera.

Knut Iversen var ein sterk man og det er fortalt at han bar ei kvige opp Sinjarheimsgalden til Sinjarheim til okse.

Flatane i dag Ivrine Steine buddeie på Flatane Vetlestødl

Berekvam hadde heimestølen Flatane som er teken av snøskred to gonger. Etter siste raset blei selet ikkje bygdt opp att.
Vetlestødl ligg mellom Berekvam og Flatane og tuftene kan ein sjå enno. Det var kansje meir brukt til slått enn støl.
Dei slo også i Bjønnskåri, ho ligg ovanfor Bjønnstigen, for Berekvam eigde ogso tvert over dalen, på nordsida av elvi.
I Bjønnskåri hadde dei ein hedler der dei lagra høyet. I vår tid ser det utruleg ut at slik ulendt mark skulle vera
slåtteteig, men grasstråi va dyre i dei dagar.
Dei støla og i Haobergsholedn, for då kom dei inn på Stemmerdalen sin allmenning. Heile fjellsida frå Teigen
austetter til Stemmerdalen har svært gode beite. Når garden i 1845 kunne fø 17 storfe er det eit høgt tall.
Men so var det og 2 huslydar,8 menneske som skulle leva av garden. Rett nok hadde dei 6 sauer og dei avla
3 – 4 tønner bygg, men det må alikevell ha vore eit tungt slit. Garden var tungdriven, og det var ikkje noko
rart at desse folki alt tidleg tok til å tenkja på Amerika.

I 1854 selde Iver Knutsen og Knut Iversen garden og tilhøyrande stølane Flatane, Tuftene og Haobergsholene til
*Iver Iversen Loven og Atle Torgersen Tærum (Gjerløw) for 300 spdl. Dei har brukt garden og stølane som
stølsbruk det dei ogso va godt skikka til. Tuftene som ligg mellom Storaleite og Berdalsbotn blei ikkje brukt,
dei føretrekte Flatane for der var det lettare med ved.
På 1800 talet vart det meir og meir geitehald og osteproduksjon (gamalost) og dei trong meir ved enn tidlegare.
Ingen har vore freista til å ta oppatt gardsdrifti på Berekvam, endå desse Berkvamskarane skulde vera både
sterke og spreke.
Ole Knudsen som slo seg ned i Vassbygdi, Steine, Bedle og Midje fekk etterkommarar som har synt at dei er hendige
og uredde. Sonen Sjur Gården skulle vera ein dugande smed og handverkar og det var halvbroren Johannes Midje
som bar og kløvja til Aurdalen (Østerbø Fjellstove) i meir enn ein mannsalder. Tyngste og verste børi var
ei madrass og eit glasfakk på 56,5 kg.

Knut Iversen, kona Anna Larsdtr., dottera Mari og sonen Botolv for alle til Amerika same året som dei selde garden.
Berekvam var soleis den første garden her i dalen som vart fråflytt og ikkje teken opp att.
*Iver Iversen døydde i 1861, og sonen Sjur Iversen fekk skøyte på garden og den parten dei eigde i Berekvam.
I 1868 vart heile eigendommen seld på auksjon og kjøpar var Atle Torgersen Terum (Gjerløw), men det var Sjur og
familien som dreiv bruket.
I 1885 kjøpte son til Sjur bruket tilbake for 4000 kroner, med i dette var halvparten av Vetle Berekvam.

Den elste byggningen på Berekvam er den gamle fjøsen. Her har det vore fjøs i eine enden og folki budde i
den andre. Slike gamle bustader er borte og dette er kanskje ein av dei som enno visest att.



Kva tyder namnet Berekvam?
Kilde: Aurland – Stadnamn og kulturhistorie av Erlend Vinjum

Berekvam kjem truleg av gammalnorskorda ”bera” som tyder hobjørn, binne, og ”kvam” av ordet hvammr som tyder
kort dal eller innkvelv i lendet. Namnet tyder då ”Bjørnbinnedalen” Stadnamn i nærleiken vitnar og om at det har vore bjørn i desse traktene, t.d Bjørnestigen og Bjørnahola
(mellom Grimevollen og Søndreli)

Busettnad på Berekvam
Kilde: Bygdebok Aurland II

Ivar Lassesen (drukkna i vatnet 1819)
u.e. Brita Larsdtr. Ty, Vangen 55a
u.e. Brita Halsteinsdtr. Bakka 78c
u.e. Helga Andersdtr. Bjørgum 16c
g 1787 m Marie Knutsdtr Randen fra Hallingdal f:1763 – d:1831

Born Fødd Død Bustad
Ivar17731846Onstad 94
Ivar1780--
Anders1784--
Marta17881839Ramsøy 68
Knut1789-Berekvam
Sigrid17911791-
Lasse1792--
Ole*17881822 Berekvam
Ingeborg1795--
Sigrid1797-Almen 40
Botolv1798-Bjelde 120
Gjertrud1800-Ramsøy 76
Marte18021803-
Sissel**1804--

* Ole - Drukna i elva mellom Berekvam og Teigen
** Sissel - u e Søren Olsen fra Austlandet - Får en sønn Ole og vert burte

Knut Iversen
G. 1816 m Anna Larsdtr. Teigen 30b

Born Fødd Død Bustad
Mette18161816-
Ivar18171893Veum 158
Lars1819--
Mette18221871Døde i Indreli
Ole18251906-
Mari1828-Amerika 1854
Marta18301831-
Botolv1832-Amerika 1854